Misjonsalliansen har mer enn 30 utsendinger i Sør-Amerika og Asia. De jobber tett på prosjektene våre, og de er våre hender, føtter og øyne i møte med sårbare og fattige mennesker. På denne bloggen vil utsendingene formidle sine opplevelser fra arbeidet. Det samme vil noen av våre ansatte her hjemme i Norge gjøre.

Meir reint vatn

DEL
 
 
E-post

 

64 husstandar i Lipata kommune på Marinduque har endeleg fått tilgang til reint vatn. Prosjektet er eit samarbeid mellom lokalbefolkninga og Misjonsalliansen. Tidlegare hadde dei berre nokre få tappekraner, men no har kvart hus fått eiga kran. Vasstilførselen er også meir påliteleg enn før, og med betre trykk.

- No ynskjer vi å utvide tilbodet til enda fleire husstandar, seier Willow Saludes.

Han er leiar i det lokale bondelaget og ein av pådrivarane for prosjektet.

– Vi kan bruke av den månadlege vassavgifta, men for å få nok, må vi også få politikarane med på laget, forklarer han. Abonnentane må betale ei tilknytningsavgift, og dersom nokon forsøker å knyte seg til ulovleg, vankar det ei saftig bot.

Ringverknader

- Det er gledeleg å sjå at eit prosjekt som dette aukar levestandarden i dei fattige husstandane. Folket smiler og er svært nøgd med det sildrande vatnet dei no har tilgang på, seier Danilo Manalo.

Han har ansvar for infrastrukturprosjekta som Misjonsalliansen støttar.

- I tillegg til at det er meir praktisk for folket å ha vatn like ved huset, vil det også føre med seg ein helsemessig gevinst. Dei vil no bruke det reine vatnet til all matlaging og vasking, avsluttar han med eit smil.

Les mer om arbeidet på Filippinene.

Ønsker du å støtte lokalsamfunnsutviklings-prosjekter på Filippinene? Klikk her.

Skrevet 16. August 2011
Land
Arbeidsområde
Folk
Kommentarer