Misjonsalliansen har mer enn 30 utsendinger i Sør-Amerika og Asia. De jobber tett på prosjektene våre, og de er våre hender, føtter og øyne i møte med sårbare og fattige mennesker. På denne bloggen vil utsendingene formidle sine opplevelser fra arbeidet. Det samme vil noen av våre ansatte her hjemme i Norge gjøre.

Grønnsakshage gir skulegang

DEL
 
 
E-post

 

Mrs. Khun Nyer ei allsidig seksbarnsmor.Mrs. Khun Nyer ei allsidig seksbarnsmor.
Ms Khun Ny (51 år) har vore med i Misjonsalliansen sine prosjekt sidan 2008. - Eg har gått på kurs og lært å lage ein grønnsakshage for familien min. No har eg råd til å sende ungane mine på skulen kvar dag, fortel Ny.

Mrs Ny bur i landsbyen Prey Ansae i provinsen Kompong Speu saman med mannen sin. Dei har 6 ungar; 3 døtre og 3 søner. Den eldste sonen er gift, så no har Ny 7 medlemmar i familien. Dei tre eldste ungane har slutta skulen og begynt å jobbe. Dei tre yngste går fortsatt på skulen.    

Sidan Khun Ny begynte å vere med på Misjonsalliansen sine prosjekt,  har familien bygd latrine og Ny har deltatt i sparegruppe og ein risbank. Ho har også vore på opplæring i å avle grisar og har gått på jordbruksskule. 

- Eg har fått ferdigheiter i å spare pengar jevnleg saman med andre i landsbyen. I tillegg har eg fått laga istand ein grønnsakshage for familien min, og inntektene frå den bruker eg til å betale for ungane mine sin skulegang, seier Khun Ny. 

Innhøstinga fra grønnsakshagen har hjelpt familien mykje. Når dei selde dei to første grisane dei avla, fekk dei pengar til å kjøpe klede og andre ting familien treng. No har dei bedre levekår og er i ferd med å avle opp to grisar til.

- Eg er så takknemlig for at eg har fått delta på desse aktivitetane! Eg vil så gjerne takke Misjonsalliansen for å bringe glede til familien min, avsluttar Ny.

Skrevet 07. November 2011
Kommentarer